YOGAKURS Meistring & Livskvalitet

Dette populære 16-vekers kurset er for deg som er medlem av Bergen Revmatikerforening. I desse utfordrande tider er det ekstra viktig å ha vanar som støtter opp under god fysisk og psykisk helse, og vi som har kroniske tilstandar må gjerne jobbe litt hardare for å halde oss så friske som mogeleg. Kurset har fokus på meistring og livskvalitet, og tek omsyn til problemstillingar særskilt tilknytt revmatiske tilstandar. Her får du kunnskap som er relevant for yoga om bein, musklar, ledd, og korleis du gradvis kan trene og styrke fysisk og mental helse. Vi skal jobbe med meistring og livskvalitet, med styrke, balanse, tryggleik, koordinasjon, sjølvkjensle, pusteteknikkar, avslapping og kvile.

Vi vil holde til i Fysioterapisenteret i Bergen, St. Jakobs plass 9, startdato: 2. januar. Det er berre 8 plassar i kvar gruppe.

Gruppe 1: Tysdagar kl. 14:30 – 16:00

Gruppe 2: Tysdagar kl. 16:30 – 18:00

Gruppe 3: Tysdagar kl. 18:30 – 20:00

Merk at det ikkje vert yoga 30. januar, 5. mars og 9. april. Siste kursdag våren 2024 vert 7. mai.

Eigenandelen i 2024 er 2500kr. Eg tek imot kortbetaling (evt. delbetaling) på den første timen.

PÅMELDING: Mob. 469 42 105 eller yoga@allmenningen.org

Beste helsing

Ingvild Skodvin Prestegård
Allmenningen Yoga

Mob. 469 42 105
yoga@allmenningen.org

allmenningen.org/yoga

facebook.com/allmenningenyoga/

instagram.com/allmenningenyoga/